Først var ordet

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Simon Stranger

# Mnem

# Tiden Norsk Forlag

Så kom planen, bygga, menneska, husa, gatene, trea, bilane, arbeidsdelinga og etterkvart konflikt, misnøye, forfall og til slutt fråflytting. Slik fortel Simon Stranger om det som skulle verte Mnem, ein idealby i Nord-Europa på midten av femtitalet. Ikkje ulikt korleis eit menneske utviklar seg frå unnfangelsen til døden. Sakte fornyar ikkje cellene seg lengre slik dei pleidde og ein etter ein sviktar legema og organa som skal halde mennesket oppreist og ein del av samfunnet. Stranger er uforskamma ambisiøs i alle historiene han prøver å knyte saman, men det gjer ingenting når han lukkast så godt. Lappeteppet boka til slutt er, greier å knyte saman familien som selde alt dei eigde for ein tulipanlauk for fleire hundre år sidan, den 38 år gamle tsjekkiske vaskehjelpa som får samanbrot etter at han trur pappmodellen han har bygd av Mnem gjev han guddommelege evner, den demente museumskuratoren Oliver som desperat prøver å oppretthalde hukommelsen ved hjelp av gule post-it lappar og den einsame forfattaren Peter Ørlinge Oort til ei historie om korleis livet, porøst som det er, til slutt må forfalle og verte til jord att. Det er ei fryd korleis han lett som ein vind let lesarane komme inn i nærast alle livets sider. Er det ein totalroman? Ikkje heilt, men nesten.

Powered by Labrador CMS