NØGD FOREINING: Fagutvalet ved statsvitskap har fått prisen for årets studentforeining, og synes sjølv det er svært velfortent. Frå venstre Kristin Antonsen, Haakon Gunnerud, Anders Ravik Jupskås og Peter Holme.

Eit føregangsdøme

Årets studentforeining heiter Fagutvalet ved statsvitskap.

Publisert Sist oppdatert

# Juryen for Årest studentforeinings-pris var satt saman av: Erlend Sand Bruer (Kulturstyret), Jomar Talsnes Heggdal (Studentparlamentet) og Brigt-Ove Vaage (Universitetet i Oslo). Også følgjande prisar vart delt ut:

  • Årets nyskaping: Kling Kokos - psykologistudentane si songforeining.
  • Årets einskildtiltak: Oslostudentane si demokrativeke.
  • Årets studentpublikasjon: Filosofisk supplement - studentdrive fagtidsskrift ved Program for filosofi.
  • Juryens ærespris: Juristforeningen.

– Vi har allereie vorte kontakta av studentforeningar ved filosofi og psykologi for å få hjelp til å skape noko av det same, seier Anders Ravik Jupskås, nyleg avgått leiar av Fagutvalet ved statsvitskap. I grunngjevinga frå juryen heiter det at aktiviteten til dette fagutvalet er «et eksempel til etterfølgelse». Det står også at «gjennom et bredt og omfattende tilbud er de med på å skape en følelse av tilhørighet som er viktig for at studenter skal trives.»

Kriteria for å få prisen er mellom anna at aktiviteten skal vera studentstyrt, engasjerande, ryddig, utvikle studentane sine kunnskapar og vera muleg å kombinere med studiar og studieprogresjon. Kriteria er vedtekne i samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO).

Løyser tidsklemma

Rolf Andersen, sekretær for juryen som deler ut prisen, seier at to hovudgrunnar var avgjerande for at Fagutvalet ved statsvitskap vann.

– Dei gjorde eit grep i organiseringa og la opp til nye aktivitetar. Det har vorte eit betre tilbod for studentar på statsvitskap. Ikkje minst har dei har gått laus på problemet med studentar sitt tidspress. Ein har fått meir spesialiserte foreiningar og leiarane for desse møtes fast for å koordinere aktiviteten. Studentar som nyttar tida si må få noko ut av engasjementet, det har fagutvalet lagt opp til, forklarar han.

Anders Ravik Jupskås peikar på at Fagutvalet også har fått eit godt høve til administrasjonen og dei tilsette.

– Eg trur dei ser kor viktig fagutvalet er for verksemda deira. Vi disponerer fritt 140 000 kroner i året, som er ein del pengar. 20 000 av desse har vi valt å investere i arrangementet Frokost med Bernt. Dette er heller ikkje eit arrangement som er reservert for samfunnsvitskap. På kvart møte ser vi fleire frå MatNat, seier han.

Eventyrleg oppmøte

Instituttleiaren på statsvitskap, Øyvind Østerud, sluttar seg til at prisen var velfortent.

– Fagutvalet har vore veldig konstruktive og flinke, og teke masse nye initiativ langt utover det dei hadde trengt å gjera, seier han.

Østerud deler juryen si oppfatning av at fagutvalet har effektivisert studentengasjementet.

– Det har vorte enklare å finne fram til ting som er spennande. Kjelleretasjen har vore godt besøkt, og det er heilt eventyrleg kor mange som møter opp på Frokost med Bernt. Aktualitetsseminaret har også vore populært. Dette er faste arrangement som truleg kjem til å halde fram, meiner instituttleiaren.

Ingen klare rutinar

Jomar Talsnes Heggdal, oppnemnt som jurymedlem av Studentparlamentet, fortel at det er opp til student- og universitetsmiljøet sjølv å nominere kandidatar. Deretter må juryen gjera ei vurdering basert på kriteria for å få prisen.

– Noko går fram av nominasjonen og er målbart, til dømes oppmøte på arrangement. Elles må vi finne ut av ting sjølve, ved å prate med studentar og andre. Det finst ingen klare rutinar på framgangsmåten her.

Powered by Labrador CMS