Arne Svingen: Et kaos av referanser. Foto: Fredrik Arff

Druknar i rocken

«Ein rock n’ roll-roman som gjer godt i hjertet» når aldri fram til dei rette strengene i eit kaos av referansar.

Publisert Sist oppdatert

Mannen som gikk gjennom lydmuren

  • Forfatter: Arne Svingen
  • Forslag: Cappelen Damm

Mannen som gikk gjennom lydmuren er skrive av Arne Svingen, ein mann som etter kvart har gitt ut ein heil haug med barnebøker, og som er sjukt glad i gamal rock. No skriv han ein vaksenroman som har sin sjarm, men som blir avbrutt for ofte av ein overflod av rockereferansar og livsomveltande hendingar.

I kjernen er Birger Brunkeberg. Han har, i tillegg til eit artig namn, ein nær manisk fascinasjon for rockehistoria. Rocken og platesamlinga er også stort sett det han har i livet – heilt til han oppdagar at han har ein son på 17 år. Som òg er glad i rock. Det beste i boka er utviklinga mellom far og son, som også er hovuddelen av historia. Diverre kjem innslag frå blant anna ein ven i fengsel, ei gamal flamme, ein sur nabo, og alt for mykje rock, i vegen.

Rocken står sentralt i romanen, og blir brukt som eit bevisst grep – men det er synd at alle referansane til Nick Cave, Bruce Springsteen og Joni Mitchell endar med å bli irriterande oppstykking i det som i utgangspunktet er ei sjarmerande historie. I situasjonar der Brunkeberg kan gå gjennom litt frisk personleg utvikling, avbryter han det med å lista opp kva plater og låter som handlar om å ligga på sjukehus eller å køyra bil. Det blir rett og slett for mykje.

Rockereferansane er heller ikkje hovudproblemet i Mannen som gikk gjennom lydmuren. I den siste tredjedelen av boka skjer det alt for mykje. Brunkeberg blir kasta mellom situasjonar som avbryter kvarandre – han rømmer frå politiet, oppfyller rockedraumen, kjem nærare sonen og finn igjen gamal kjærleik i løpet av nokre få sider, og derfor rekk du ikkje å bli ordentleg investert i noko av det. Når det heile også blir hakka opp av nok ein rockereferanse, kjenner ein at denne romanen ikkje er verd tida.

Powered by Labrador CMS