Bill.mrk. unik indie
Highasakites presseskriv byrjar slik: «La oss starte i Brooklyn. Via Monrovia til Pireus og vidare til Stockholm. Highasakite miksar det heile opp – på naturligaste vis». Klisjépresseskriv-varsellampane blinkar, men for ei gongs skuld er det eit norsk bandpresseskriv som ikkje tek vatn over hovudet. Det er faktisk ei utfordring å raskt kome på band som høyres ut som Highasakite, som gir ut albumet kun fem månader etter deira første konsert, utan at det læt som hastverksarbeid. Samstundes er det ikkje galt å kalle Highasakite Lykke Lis norske halvsyster. Hadde bandet vore frå Sverige, hadde dei garantert vore eksportvare til Noreg og andre land. For Highasakite læt unorsk. Det er eit kompliment i indie-alternativ popsjangeren, der mange norske band endar opp som First Price-versjonar av utanlandske indieheltar.
Vokalist Ingrid Helene Håvik, som også spelar i Your Headlights Are On, har derimot ikkje naiviteten som er Lykke Lis varemerke. Håvik syng med autoritet, og skriv sterke melodiar og tekstar som veks for kvar gjennomlytting. Trommis Trond Bersu, som og spelar i Pelbo, har lagt mykje spanande perkusjon med god bruk av store klangar. Sistemann, Øystein Skar, skapar på sin side sitt eiga lille svevande synthunivers. Vil Highasakite bli for 2012 det Team Me og Jonas Alaska var for 2011? Eg vonar det. Det du kan gjere, er å setje på dette albumet medan du har ein god samtale med ein gamal ven. Ikkje fordi det er bakgrunnsmusikk, men fordi det er knallbra og fint, som samtalen din.