Alt kva vi gjer mot kvarandre og oss sjølv

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Faderen

# August Strindberg

# Torshovteatret

Eg skal no, på 1060 teikn, skildre og analysere ei vellukka oppsetting av eitt at teaterhistorias viktigaste, råaste, mest intense verk.

Det går ikkje. Ein sjeldan gong er teater så bra at du gløymer deg sjølv der du sit og gjer ditt beste for å lene deg komfortabelt tilbake i stolen. Tid, stad og røynd blir uklart. Du treng timar på den mentale reisa tilbake til ditt eige liv når forestillinga er slutt. Din sedvanlege ironiske og/eller akademiske distanse kan du kaste i do og trekke ned.

For Henrik Mestad speler ikkje ein kontrollerande, dominerande, halvvegs galen, etterkvart sinnssjuk far. Mestad er Faderen. Andrine Sæther speler ikkje ei manipulerande, kynisk, lengtande, forvirra mor og kone. Sæther er Laura.

Ubehaget gir ikkje slepp når du byrjar ane dybda i familiehelvetet. Du grin for barnet som blir tvunge inn i foreldras personlege og felles konfliktar. Du fnys og blir sint på dumskapen, men du ler òg, fordi dei er så brutalt menneskelege, så håplaust gjenkjennelege.

Livet byr ikkje på for mange sjansar til å sjå god teaterkunst på kloss hald. Med andre ord bør du snarast mogleg kome deg til Torshovteatret.

Meldinga er gjort på grunnlag av ei lukka visning 26. august. Stykket har premiere onsdag 1. september.

Powered by Labrador CMS