Redusert til kjærleik

Publisert

Anmeldelse

# Vi har så korte armar

# Av: Olaug Nilssen

Hvor: Det norske teatret

Når: 4. mars

Liv er hodestups forelska i den mystiske poeten Ølgjer. Heime i Skoddeheimen var dei einsamme, utstøtt. No er dei i Bergen for å studere, nyte fridomen og... kvarandre? Medan Liv sliter med høgt alkoholforbruk og mislykka one night-stands, låser Ølgjer seg inne på hybelen for å skrive erotiske konsonantdikt. Og det er ikkje så lett å sleppe vekk frå fortida, for i byen er det mange koder. Også er det dei joviale venninnene som drikk raudvin og lyttar ved dørene. Om bygdedyret har fulgt etter frå Skoddeheimen, eller om Liv slit med sosial angst, er ikkje godt å seie.

Teaterstykket er basert på Olaug Nilssens roman med same namn. Det er, som romanen, morosamt, fandenivoldsk og eksperimentelt. Men der romanen inneheld alt frå dagboksnotat, dialogar, møtereferat frå Skoddeheimen samtaleforeining, sitat og salmar, er teaterstykket fem skodespelarar på ei scene. Veksling mellom dialog, monolog, danse- og sangnumre i raskt tempo. Det er ofte underhaldande, innimellom tar det studenttilværsla og den moderne bondestudenten på kornet, andre gonger treff det mindre godt.

At så mange av dei litterære grepa forsvinn i dramatiseringa, er stykkets største tap. Kvaliteten til Nilssens roman ligger i stor grad i forma. Utan denne mistar Vi har så korte armar mykje innhald og viktig alvor. Forteljinga om Ølgjer og Liv blir redusert til ein litt tynn kjærleikshistorie. Personane blir utydelege, den raude tråden forsvinn i lattersalvane. Det er artig, men romanen er artigare.

Stykket spelast fram til 13. april.

Powered by Labrador CMS