Seinfeld-syndromet

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Div.forfattere

# Filologen, nr. 4 2008

# Filologisk Foreining

Temaet for dette nummeret av Filologen er konflikt. Bidragsytarane er mange, og dei har alle forskjellig fagbakgrunn og utgangspunkt for å trekke fram ulike former for konflikt. Konfliktar knytt til språkstrid, religion, valdtekt, og problematikk knytt til andre sider ved samfunnet.

Nokre av artiklane var etter mi meining for lange, medan andre godt kunne ha vore enda lengre. Til dømes artikkelen om krisen i Kongo kunne med fordel fått nokre sider til. Eit svært interessant tema, og med flotte bilete tatt av artikkelforfattaren.

I tidsskriftet vert det skildra seriøs problematikk, som til dømes i artikkelen om Tsjetsjenias kritiske situasjon og artikkelen om valdtekt. Meir trivielle konfliktar knytt til det allmennkulturell er likevel også representert, slik som i teksten om vaskemaskinen.

Artikkelen «Seinfeld-syndromet» var høgdepunktet i tidsskriftet. Ein velskriven og humoristisk tekst der artikkelforfattaren ironiserer gjennomgåande ved det norske samfunnet. Det eg kallar Seinfeld-syndromet handlar om det sludderet vi faktisk tek alvorlig […] vår trong til å opphøgje filleting til kjempeproblem. Særlig laussalspressa (les: Dagbladet) fekk smake pisken her.

Kort sagt: Konfliktproblematikk i samfunnet.

Powered by Labrador CMS