Stjernesmell

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Take Me To Your Leader – The Great Escape Into Space

# Kuratert av Stina Högkvist

# Museet for Samtidskunst

Museet for Samtidskunst siktar mot stjernene med Take Me To Your Leader – The Great Escape Into Space. Målet er å utforska korleis science fiction – ein sjanger som baserar seg på framtidsvisjonar, oppdikta teknologi og fantastiske nyvinningar – har vore ei viktig inspirasjonskjelde for kunstnarar.

Utstillinga er tungt forankra i populærkulturen, og kunstverka delar plass med filmplakatar, teikneseriar og originalteikningar frå klassiske sci-fi-filmar. Hovuddelen av det som er utstilt er frå 1960-, 1970- og 1980-talet, noko som sikkert er ein del av forklaringa til kvifor tradisjonell visuell kunst dominerer.

Etter å ha sett utstillinga verkar det ikkje som eit så overtydeleg og visuelt lada direktiv er ei fruktbar ramme å visa kunst innanfor. Take Me To Your Leader strandar i stratosfæren, av fleire grunnar.

Eitt av kuratorens uttalte mål er å sjå på science fiction som ein måte å spegla samtida på. Framstillinga av sci-fi som ein guteromssjanger beståande av superheltar og romskip gjer dette vanskeleg. Dei mest interessante spørsmåla, om menneskets sjølvoppfatting og natur, druknar i ei visuell kaving, som ser ut til å stamma fra eit overdrive ynskje om tilgjengelighet. Fleire av verka er interessante i seg sjølve, som Ilya Kabakovs installasjon «The Man Who Flew Into Space» frå 1985. Ein går likevel ikkje heim med ei kjensle av å ha sett framtida.

Powered by Labrador CMS