Bachelorgraden sitt knefall
Prosess faglege prioriteringar er i hamn. Ei kraftig prioritering av master framfør bachelor vil koma i kjølvatnet, men studentrepresentantane i universitetsstyret tek ikkje affære.
– Vi må sjå litt forbi småvedtaka. Eg reknar ikkje med å bli tidenes mest populære studentrepresentant, sa Ingvild Brox Kielland på møte i Universitetsstyre tysdag.
Saman med den andre studentrepresentanten, Jomar Talsnes Heggdal, stemte ho for godkjenning av strategidokumenta frå alle fakultet. Det blir signalisert i dokumenta at mastergraden skal prioriterast høgare, både for å heve forskingskompetansen ved universitetet og å trekkje fleire studentar.
Ingen masterkommentar
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat) er av dei som har signalisert høgt trykk på mastergraden. I strategidokumentet for faglege prioriteringar heiter det at «bachelorgraden er primært ment å gi et bredt og solid fundament for videre masterstudier og det er ingenting som tilsier at fakultetet skal endre denne overordnede profilen på bachelorgraden».
– Det er ei prioritering som MatNat har gjort. Vi legg oss ikkje oss opp i det, seier Heggdal.
Korkje Heggdal eller Kielland kommenterte mastersatsinga under sakshandsaminga på styremøtet. Studentparlamentet (SP) har, gjennom Studentpolitisk Plattform 2008/2009, vedteke at universitetet skal leggje til rette for ein bachelorgrad som er «en selvstendig og avsluttet grad». Kielland ser ikkje motsetninga mellom SP sitt vedtak og det som skjedde på universitetsstyremøtet.
– Universitetsleiinga har allereie uttrykt at bachelor skal vera ein sjølvstendig grad, seier ho.
Skuldar på kvalitetsreforma
Ifølgje studentrepresentantane er prosessen først og fremst ei avveging mellom ulike fagområde, ikkje gradsnivå. Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) sitt strategidokument gir likevel klare signal. Masternivået er prioritet, og det er også her utviklinga av nye studietilbod hovudsakleg vil koma. Talsnes meiner dette er naturleg.
– På SV har det ikkje skjedd store endringar i mastergradstilbodet etter kvalitetsreforma. Dette er ei utvikling i lys av det, og at tverrfaglege program ikkje har eigne mastertilbod, hevdar han.
Prodekan ved SV, Marianne E. Lien, stadfestar at bachelor vart høgt prioritert i kvalitetsreforma. Mykje er ugjort på masternivå, men ho forklarar at omsynet til forskinga også spelar inn.
– Det er bestemt at vi skal vera eit forskingsuniversitet, og skal vi leva opp til det, er det naturleg å leggje vekt på høgare grad, forklarar ho.
Vent og sjå
Også Det humanistiske fakultet (HF) tillegg den høgare graden vekt. I strategidokumentet frå HF blir det slått fast at «Fornyelse på bachelornivå må skje gjennom konsentrasjon, mens nye tilbud på masternivå skal være forskningsnære». Dekan Trine Syvertsen stadfesta i ei orientering på Universitetsstyremøtet at dette inneber ei styrking av master.
– Eg meiner bestemt at vi skal flytte meir ressursar opp på master, sa ho.
Allereie no er studentar uroa for bachelortilbodet. Fakultetsstyret har tilrådd å slå saman filosofi og idéhistorie til eitt felles program, og Anders Solli Sal, medlem av fagutval og programråd på filosofi, meiner det fort kan få negative konsekvensar.
– Filosofi har høgare snitt og større søking enn idéhistorie. Med felles opptakskrav vil færre av dei som ønskjer det, få høve til å studere idéhistorie, gitt at det ikkje blir særordning for å koma direkte inn på fag. Vi har spurt fakultetet om dette, men ikkje fått svar, forklarar han.
Sal synes det er vanskeleg å spå om framtida.
– Når først eitt samanslåingstiltak blir gjort, er det lettare å ta neste steg. Men kva det konkret vil innebera for idéhistorie, veit eg ikkje. Mykje vil stå og falle på opptaksgrensene.
– I første omgang ser det ut til at det vil få negative konsekvensar for idéhistoriestudentane, seier han.
Dekan ved HF Trine Syvertsen var ikkje tilgjengeleg for kommentar om dette spørsmålet tysdag ettermiddag da Universitas gjekk i trykken.
Vinn for SUM
Universitetsstyret vedtok også å oppretthalde Senter for utvikling og miljø som sjølvstendig eining direkte underlagt Universitetsstyret. Rektor hadde i utgangspunktet innstilt på at saka skulle handsamast våren 2009, men vart nedstemt. Stefan Erbs, hovudtillitsvalt for andreårsstudentane ved senteret, er svært nøgd med utfallet.
– Alternativa verka lite gjennomtenkt. Saka var ikkje skikkeleg utgreidd, og konsekvensane uklare. Er ein interessert i miljø og utvikling jobbar ein nesten per definisjon med tverrfaglege spørsmål. Det er vanskeleg å seia korleis det gode miljøet vi har no ville endra seg gjennom ei omorganisering, seier han.