Kroppen din
Normal spermieproduksjon i testiklane avheng av at temperaturen i skrotum er 1-2 grader lågare enn vanleg kroppstemperatur. For å halde temperaturen låg, heng skrotum utanpå kroppen og manglar isolerande underhudsfeitt.
Kvar testikkel veg 15 gram og inneheld 400 – 500 meter med sædkanalar. Produksjonskapasiteten er på 200 millionar spermiar om dagen. Spermiecellene brukar ti veker på å modnast før dei blir skilde ut til sædkanalane.
Etter at dei har forlete sædkanalane, oppheld dei seg fjorten veker i bitestikkelen der modningsprosessen fullførast.
Siste del av bitestikkelen og fyrste del av sædleiaren er lagerplass for spermiane.
Sekret frå Vesicula Seminalis kjertelen utgjer 60 prosent av sædvolumet og inneheld fruktose som gir energi til spermiane, og prostagaldin som stimulerar muskelcellene i livmor og eggleiarar til kontraksjonar og hjelper spermiane å nå eggcella.