Sigra med lova i hand
Etter å ha teke seg til siste runde på wild card stakk rettsforskar Marianne Reusch av med sigeren i Forsker grand prix (FGP).
– Eg har ikkje noko konkurranseinnstinkt, og er veldig overraska, strålte Marianne Reusch etter Oslofinalen i FGP på Chateau Neuf laurdag.
Reusch er stipendiat ved Institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo (UiO). Etter først å ha teke seg vidare frå ein av dei to semifinalane i vår vann ho laurdag oslofinalen i FGP med presentasjonen av sitt prosjekt «Friluftslivets lov og rett». Her ser ho på allemannsretten og korleis denne kan reformerast for å fungera betre i dagens samfunn.
I kveldens første runde fekk dei ti finalistane fire minuttar kvar til å presentera prosjekta sine. Både publikum og ein fagjury delte ut poeng, og basert på desse gjekk tre deltakarar vidare til den avgjerande superfinalen. I tillegg hadde juryen høve til å senda ein deltakar vidare på «wild card», og det var dette som redda Reusch.
Formidling i fokus
I siste runde fekk dei gjenverande deltakarane høve til å utdjupa presentasjonane sine gjennom litt lengre presentasjonar, og Reusch nytta sjansen for alt han var verd. Då røystene var opptalde entra UiO-rektor Ole Petter Ottersen på scena og utropte Reusch til vinnar.
Ottersen er oppteken av å få forskingsresultat ut til folket, og ser i så måte FGP som ein viktig aktør.
– Eit prosjekt er ikkje avslutta før det er formidla, sa han i ein kommentar til Universitas etter tevlinga.
Premien var ei designvase og eit reisegåvekort på 10 000 kroner, i tillegg til at Reusch går vidare til landsfinalen på Den nasjonale scene i Bergen førstkomande sundag.
Med seg dit får ho Mikkel Christensen frå Kjemisk institutt og Kulturhistorisk muséum ved UiO. Han tok andreplassen med prosjektet «Kjemi og kultur, hvordan skal vi bevare vikingeskatten?» I Bergen møter dei dei to beste frå FGP-konkurransane i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø.
Prøv og feil
Reusch avslører at mengdetrening har vore trikset i førebuingane fram mot konkurransen.
– Eg har testa ut mange ulike idéar. Det har vore mykje prøving og feiling, seier ho.
No ser det ut til at ho har funne suksessoppskrifta, og kjem til å satsa på same opplegg i landsfinalen.
Reusch vil ikkje vurdera sine eigne vinnarsjansar i den nasjonale finalen.
– Premien er å få vera med, fastslår ho.
Sigerkvinna har hjarte for dei mange små snarvegane som finst rundt om i landet, og i vestlandshovudstaden har ho planar om å få med seg meir fagleg enn berre FGP.
– Eg gler meg veldig til å reisa til Bergen. Der er det ein sti som vart vedteke verna av Høgsterett i 1910, så då skal eg på synfaring, fortel ho.