Leiar

Kvifor stoppe ved streken, når du kan trakke over?

Resten av røkla står klare med stoppskilt, sperreband og eit velmeint: «Kjenn etter kvar grensa di går.»

Publisert

Grenser finst overalt. I kroppen, i landet, i kollektiv-kjøleskapet og i meldinga du har skrive tre gongar utan å tørre å sende. Det finst grenser for kor mykje du kan drikke før du byrjar å forklare eksen din at du eigentleg alltid har forstått henne. Grenser for kor lenge du kan seie «det går fint» før det heilt tydeleg ikkje gjer det. Grenser for kva du kan krevje av ein ven, ein kjærast, ein stat, ein kropp, ein lege eller ein studentøkonomi som allereie ligg i stabilt sideleie.

Samtidig lever vi i ei tid der grenser helst skal sprengjast. Du skal pushe deg sjølv, utfordre komfortsona, bli råare, sterkare, friare, meir open, meir spontan, meir disiplinert. Du skal seie nei oftare, men også vere med på meir. Du skal verne energien din, men helst møte opp på vors, seminar, kollokvie, dugnad og den litt for dyre middagen ingen eigentleg har råd til. Du skal ha grenser, men ikkje vere kjip.

I denne utgåva av Magasinet ser vi på alt som skjer når streken blir teikna opp, flytta, tøygd eller kryssa. Kva skjer når grenser blir ein føresetnad for fridom, slik dei kan vere i BDSM-miljøet? Kor langt er aktivistar villige til å gå for saka dei brenn for? Kor sjuk må du vere før systemet gir deg ein diagnose? Og kor mykje som skal til for at harryhandel er verdt det?

Men grenser er ikkje berre personlege. Dei er også politiske. For nokon er grensa til Sverige eit sted å fylle bilen med brus og smågodt. For andre er ei grense eit spørsmål om vern, framtid og overleving. Nokon passerer med handlepose. Andre med asylsøknad.

Dette er mest urettferdige med grenser: Dei ser like ut på kartet, men verkar heilt ulikt på menneska som møter dei.

Grenser kan verne oss. Dei kan gi form til livet og tryggleik til relasjonar. Dei kan vere eit stoppord, ei låst dør, ei hand som seier hit, men ikkje lenger.

Men dei kan også gjere verda mindre.

Så kanskje spørsmålet ikkje er om vi treng grenser. Det gjer vi. Spørsmålet er kven som får setje dei, kven som får flytte dei, og kven som må leve på feil side av dei.

Vi kjem ikkje til å leve utan grenser. Det skal vi heller ikkje. Men vi kan slutte å late som om dei berre ligg der av seg sjølve, som naturlege strekar i sanden.

Nokon har teikna dei.

Nokon tener på dei.

Nokon blir verna av dei.

Og nokon står framleis utanfor og bankar på.

Powered by Labrador CMS