Ja, vi elsker

Diktsamling som tvingar deg til å ta stilling.

Publisert Sist oppdatert

Flaggtale

  • Av: Dan Andersen
  • Forlag: Tiden

All politikk kviler på eit skilje mellom ven og fiende, sa den tyske juristen og filosofen Carl Schmitt. I Flaggtale møter vi eit samfunn som i si eiga sjølvforståing har oppheva dette skiljet – verdiane og ideala samfunnet sluttar opp om, omfamnar alle, òg dei som er ueinige: «For flagget blafrer for alle... Men om du... skulle mene at toleransen har sine grenser... så heis flagget og ingen vil skade deg». Det kollektive prosjektet er her eit nødvendig vern for kvar enkelt: «Bare med et sterkt flagg sikres individets stemme / som partikulær i en stor masse».

Sprekkene i denne utopien – ein satirisk samtidsdiagnose frå forfattar Dan Andersen, som aldri må forvekslast med eg-personen i dikta – vert synlege frå første stund, og dei vert berre vidare utover i boka. Uro for aukande spenningar, kriser og radikalisering skaper ein lengt etter ein meir eksistensiell politikk: «Jeg sverger / på et flagg i svart og hvitt / Når skal du forstå / at det handler om retten til å leve». Spørsmålet om kor det moderne, liberale prosjektet møter si grense blir her sett i spel.

Dikta får lesaren til å kjenne på spenningane i det norske sjølvbiletet, mellom oljerikdom og meiningstap, individualisme og konformitetspress, sjølvrealisering og kollektive ideal. Den implisitte samfunnskritikken gjer det ofte nærliggjande å tolke Flaggtale inn i ein knausgårdsk anti-konformisme, men satiren har brodd i alle retningar. Her er få tesar som ikkje møter sin antitese; «Uten inkonsekvens ingen menneskelighet».

Andersen har funne ei form som tillét han å vere politisk utan å bli belærande eller moralistisk, og som skil han ut i ein ofte innovervendt norsk samtidslyrikk. Dei første avdelingane i boka er særleg sterke; nokre av dei seinare dikta er meir ufokuserte og bidreg ikkje like sterkt til heilskapen. Gjennomgåande er samlinga likevel engasjerande, og som poesi det går an å la seg provosere av er Flaggtale vel verdt å lese.???

Powered by Labrador CMS