Pressefoto: Kolon

Var det det heile?

Varsjøen er ein fin, men litt uforløyst romandebut.

Publisert Sist oppdatert

Kva skjedde eigentleg den sommardagen då Markus Bodrum drukna i Varsjøen? Dette er spørsmålet som driv hovudpersonen og eg-forteljaren i boka, veslebror Morten Bodrum, og det er spørsmålet som riv lesaren med frå første side.

Etter ei lang reise, ei rad tilbakeblikk og ein obligatorisk plot-twist, får du svar – eit svar som er passe overraskande, og passe truverdig. Brikkene fell på plass, spenninga blir utløyst – og lufta går ut av ballongen. Som lesar spør du deg: Var det det heile?

Blatt fører eit fint, litt tørt språk som kler plottet. Skildringane er levande, og gir deg tydelege bilete i hovudet. At historia er fortalt frå synsvinkelen til Morten, som lesaren raskt forstår er ein merkeleg og upåliteleg person, byggjer opp under mystikken og spenninga. Tempoet er høgt, og dramaturgien sterk. Det er lett å sjå føre seg Varsjøen som ein mørk dramafilm med Anders Danielsen Lie i hovudrolla.

Likevel. Boka har tydeleg ambisjonar om å vere noko meir enn berre ein spenningsroman, men det blir aldri heilt klart kva dette «noko» er. På dei 180 små sidene rekk du ikkje å bli godt nok kjent med personar og miljø til at det fungerer som eit karakterdrama. Dei historiske, psykologiske og sosiologiske motiva som dukkar opp, kjem ikkje til forgrunnen og blir aldri trekte saman.

Spenninga, språket og skildringane gjer Varsjøen leseverdig og underhaldande nok, men det er grunn til å håpe på enno betre bøker frå romandebutant Blatt i framtida.

Powered by Labrador CMS