Kyrkjetid: Siv Jakobsen fikk ståande applaus etter sin konsert i St. Edmund's Church. Ho hadde med seg strykarar og kassegitar, gjorde ein cover av Britney Spears «Toxic», og gav ei småslitent publikum ei etterlengta pustepause på Bylarms siste dag.

Høgtidsstund

Det var ingenting som ikkje stemde då Siv Jakobsen gjorde ein av Bylarms vakraste konserter i St. Edmund's Church.

Publisert Sist oppdatert

Siv Jakobsen

  • St. Edmund’s Church, lørdag

Det var så nært me kom himmelen på årets Bylarm. Den vesle, anglikanske kyrkja i Møllergata danna ei perfekt ramme for dei melankolske songane til Siv Jakobsen, vakkert akkompagnert av strykekvartett, kontrabass, kassegitar og piano. Den flotte røysta til Jakobsen ber godt gjennom kyrkjerommet, og instrumenta tilfører ein ekstra dimensjon utan å kome i vegen.

Jakobsen trår i eit musikalsk landskap som er grundig utforska frå før, mellom nedstrippa folk og forseggjort kammerpop (tenk Laura Marling, Sufjan Stevens eller tidleg Ane Brun). Ho er likevel ein god nok låtskrivar til å greie å gjere eit personleg fotavtrykk, og på siste Bylarm-dag var det ei kjærkomen avveksling frå all elektropopen og indierocken.

Eit populært innslag på settet er coveren av Britney Spears’ «Toxic», men denne har andre gjort denne betre før (Yael Naïm, til dømes). Det er Jakobsens eigne songar som er høgdepunkta, ikkje minst avslutningsnummeret «Bullet», der strykarane verkeleg får skina. Publikum reiste seg frå kyrkjebenkene til ståande applaus – vel fortent etter ein halvtimes musikalsk høgtid.

Powered by Labrador CMS