Lever opp til hypen

Det er vanskeleg å vere kritisk til årets Urørtvinnar når han leverer med så mykje innleving og energi.

Publisert Sist oppdatert

Cezinando

  • Vulkan Arena, onsdag

Halvvegs uti settet på Vulkan Arena fortel Cezinando at han treng fritidsaktivitetar som avveksling frå «jet set-livet» sitt – «ikke bare henge med gutta, lissom, det blir så mye internhumor». Det er lett å førestille seg at internhumoren i gjengen til Cez kan bli slitsam i lengda. Skal ein vere kritisk, er det også lett å innvende at den same køddete humoren blir like slitsam i låtane hans (ved eit høve rappar han «kolon P», og emoticonet :P heng tjukt over mykje av det han gjer).

Men det er vanskeleg å vere så kritisk når den unge Oslo-rapparen dansar og sprett rundt på scenen og leverer det eine fengande hooket etter det andre med største innleving og energi. Same kva ein måtte synast om uttrykket hans elles, er det umogleg ikkje å anerkjenne talentet.

Under opningsdagen på Bylarm er Cez ein av fem Urørt-nominerte; seinare gjekk han som kjent heilt til topps. Styrkene som har tatt han dit, er først og fremst ein effektiv og teknisk god rapstil, særeigne tekstar, og varierte produksjonar som viser ein leiken og kreativ tilnærming til hip hop-sjangeren. Scenetekke og showfaktor kjem på toppen og gjer pakka komplett.

Det kokar ikkje i publikum, men fansen er representert, og Cez kan trygt halde ut mikrofonen under refrenget på singelen «?PA». Når han sluttar med den skamlause «Sykt jævla kult» og inviterer alle til å «Bli med og hopp!», blir det likevel småkleint når eit litt stivt Bylarm-publikum berre er sånn halvvegs med. Han skal ha for forsøket.

Nemnte «€PA» er den klart beste låten i settet, og Cez framfører den vittige, generasjonskommenterande teksten svært overtydande. Dei andre nye songane han presenterer viser også den introspektive sida til artisten, og peikar i ei lovande retning for albumet som kjem.

Noko av det beste med showet er samspelet mellom Cez og kumpanen B-boy Myhre, som tilfører ein ekstra dynamikk på fleire av songane.

Toppen på kransekaka er den flotte lyssettinga, med spotlys på roterande diskokuler som hyllar salen inn i glitter under den nest siste låten. Kolon sluttparantes!

Powered by Labrador CMS