Tamhestar: Gutane i Hester V75 lager ikkje vanskeleg eller utfordrande hip hop, men dei underhalder.

Stalltipset

Dei pubertale hestekreftene i Hester V75 stilte mannsterke og gav publikum ei oppvising i norsk rap.

Publisert Sist oppdatert

Hester V75

  • John Dee, fredag

Det unge hip hop-kollektivet frå Bergen samlar heile stallen på John Dee, med sju mann på scenen: tre rapparar, to plateryttarar (DJs) og to som berre står bak i hjørnet og drikk øl.

Sjølv om Oslo-rapparen Cezinando tok innersvingen i veddeløpet om Urørt-nominasjonane (også Hester kan skilte med ein Ukas Urørt frå oktober), blir ungfolane frå vest tatt svært godt imot på den mørke, sveitte kjellaren på Rockefeller. Dei leverer også god underhaldning i den tilmålte halvtimen, men utan dei heilt store høgdepunkta.

Dei energiske rapparane støttar seg på solide musikkproduksjonar, med sløye, tilbakelente jazzbeats som av og til slår over i tung grime. Kraftsentrumet i gruppa er hovudprodusent David Grytten, jusstudent og son av forfattar Frode. Dette er ikkje akkurat villhestar, men tekstane har sin dose hip hop-klisjear, og bikkar av og til over i det pubertale.

Det gjer ingenting på John Dee, der spesielt MC (og barista) Ingebrigt Røyrane overtyder med stil, teknikk og karisma. Friske hestekrefter som kjem til å gjere seg gjeldande i norsk rap i tida framover.

Powered by Labrador CMS