Stein på stein

Ida Stein er meir Woodstock enn Bylarm.

Publisert Sist oppdatert

Urørt-finalist Ida Stein er ein av fleirfaldige unge elektropop-damer på Bylarm-programmet i år, men slit ikkje med å finne eit personleg uttrykk. Ho skil seg med ein gong ut reint visuelt, med langt, ustrigla hår, fotsid himmelblå kjole og eit eksentrisk, pasjonert scenenærvære. Om ho kan skuldast for å prøve å passe inn ein stad, er det på Woodstock, ikkje Bylarm.

Musikalsk fyller Stein ut mellomrommet mellom Bjørk, Robyn og Fever Ray, med kokett røyst, tette synthkomp og lette poprefreng. Den som fann på å marknadsføre henne som «lyden av Norden» var ikkje på jordet. Livebandet, med trommer, bass og synth, får kompet til å låte luftigare og meir organisk enn på innspeling. Den friske, nesten europopaktige singelen «Did You Know, Did You Hear?» vert løfta eit hakk i denne settingen.

Urørt-nominerte «Are We Changing» sit også godt, sjølv om det er vanskeleg ikkje å gå lei det sentrale hooket til slutt. Dei rolegare, meir jazza nummera bidrar til variasjon i settet og viser at Stein har fleire strenger å spele på som låtskrivar, men flyt inn i kvarandre og vert litt keisame i lengda.

Stein har to EPar og fleire singlar bak seg, den første frå 2013. Stadig etterlet ho inntrykk av at ho ikkje heilt har funne den musikalske forma ho leitar etter. Melodisk teft og særprega røyst har ho alt dokumentert; vi kan berre håpe at vi får høyre henne sikrare i stilen og dristigare i komposisjonane på det komande debutalbumet.

Stein er ein av tre Urørt-finalistar, den einaste i popsjangeren.

Trass i dette er det heller glissent oppmøte på Sentrum Scene, og forsøket på å få publikum med på allsong på «Are We Changing» fall gjennom. Men dermed var det også god plass framføre scenen, som eit vakse par utnytta til å danse swing under det neddempa avslutningsnummeret.

Det bles ikkje nokon Ida Stein-vind over Bylarm; popkollegaene Ary og Dagny fekk meir blest og samla større publikum, kanskje fortent. Sandefjordjenta leverer likevel ein fin konsert, og lever trygt opp til Urørt-nominasjonen.

Powered by Labrador CMS