Ikkje heilt som dei andre: Det var ikkje mange innslag av rock eller andre, tyngre sjangrar på Bylarm i år, men Leonov viste seg som ein verdig representant for minoriteten.

Tyngden du treng

Leonov var eit friskt, tungt pust i årets Bylarmprogram.

Publisert Sist oppdatert

Leonov

  • John Dee, lørdag

Det er tungt, seigt og atmosfærisk frå første stund når Leonov drar i gang konserten sin framføre eit eksklusivt lite publikum som har droppa Urørt-finalen til fordel for mørkret på John Dee.

Det er ikkje mange tungrock-/metalfans på Bylarm – programmet gir dei ikkje mange grunnar til å løyse billett – men Leonov bør kunne appellere langt utover den svartkledde skaren. Den melodiske vokalen til Tåran Reindal svever fint over dei dissonerande, lett støyande gitarriffa og dei tunge rytmane frå bassen og trommene. Bandet speler stødig og utan publikumsfrieri – musikken talar godt for seg sjølv.

Dei første par låtane er skjemde av dårleg lyd, med bass som buldrar i høgtalarane og ukontrollert feedback i gitaren. Dette er diverre eit generelt problem på Bylarm, men det slår verre ut for Leonov enn for mange andre, fordi det nettopp er lydlandskapa som står i sentrum her. Det går seg heldigvis til, og den siste delen av konserten er rett og slett vakker. Etter det flotte avslutningsnummeret har me berre lyst på meir.

Powered by Labrador CMS