Tilsammans

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Kollektivet

# Av: Ingrid Furre

Forlag: Flamme Forlag

Det å bu i kollektiv kan vera ein kunst. Korleis skal ein organisera alt? Kven skal bu kor, og kor skal tinga stå? Ingrid Furre beveger seg gjennom eit kollektiv, rom for rom og frå person til person, og gir lesaren ei skildring av korleis stemninga er akkurat der – gjennom dikt, intervju, og observasjonar.

Me møter Tom, Johan, Erla, Kim, Anna, Heidi, Hundekvinnen, Italodiskogutten og Rikard. Alle har dei sine tankar om korleis ting skal vera, og korleis bufellesskapet fungerer. Anna meiner at bebuarane i huset er slavar av at organiseringa må passa inn i ein historisk kontekst. Tom meiner at ein skal kunna føla seg fri som då ein var born. Hundekvinnen legg til at ho ikkje følte seg spesielt fri som born. Kim har lyst til å kjøpa ein bil.

Furre leikar med stemningane, og nokre gonger følest det som om du er akkurat der på det husmøtet, og diskuterer kor tekanna skal stå eller korleis gangen skal se ut. Eller korleis ein skal leva liva sine. Det er interessant å fylgja Furre i hennar observasjonar rundt i dei ulike romma. Det får ein til å tenka og reflektera, spesielt over kor absurd eit kollektiv kan vera, og korleis dei du bur saman med påverkar deg.

Samtidig vert det skildra eit kollektiv utanom det vanlege, der det innimellom er vanskeleg å kjenna seg igjen og å henga med i tankerekkene dei ulike bebuarane har. Nokre gonger følest det som om Furre sine ord er kasta tilfeldig ned på arket, og kollektivet ho skildrar liknar meir på bufellesskapet i filmen «Tilsammans» enn eit kollektiv i 2012.

Powered by Labrador CMS