Ein heilt uvanleg mann

Ingen burde nokon gong skrive ein biografi om Frode Grytten. Tekstane hans er meir enn nok til å forstå både verda og fyren.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Frode Grytten

# 50/50

# Samlaget

Jenta på pulten ved sidan av meg har Beyonce på øyret medan eg les essaysamlinga 50/50. Ho speler så høgt at det er vanskeleg å konsentrere seg, og eg synst synd om både meg sjølv, verda og dei stakkars trommehinnene hennar. Det er noko grunnleggande ironisk over det å lese Gryttens treffande samfunnsskildring til det kommersielle r’n’b-rælet ho leser sine akademiske tekstar til.

Dette er ei heilt irrelevant innleiing på denne meldinga. Dersom eg var Grytten, hadde eg fått til å kople denne opplevinga – som for meg står fram som viktig og meiningsberande – til dei store spørsmåla i boka eg les. Det vesle hadde gått saman med det store til ei større forteljing om Gryttens forfattarskap.

For det er nettopp dét han evner, Grytten. Han koplar dei små skjebnane, kvar enkelt vesle forteljing, til dei store samfunnsstrukturane slik at det heile kjem saman i ei større syntese. Ei slags magisk sosialrealisme, der tilsynelatande usamanhengande tankerekker trer fram som dei aller mest avslørande i forhold til Den Store Sanninga om tida me lev i. Det er ærleg, det er nært og det er stort på same tid.

Grytten fyller 50 og har ei lang karriere som journalist, forfattar og dagdrivar å sjå tilbake på. I 50/50 er femti av tekstane hans samla, dei fleste tidlegare publiserte i tidsskrift og aviser. Nokre få kan me lese for fyrste gong. Er det femtiårskrise og nostalgi, ein desperat «Best of» gitt ut for marknadens skyld? Eg gjekk til prosjektet med ein viss skepsis. Og kom ut igjen som eit nytt og betre menneske.

For dialogane, novellene og essaya i 50/50 viser Grytten frå si beste og mest varierte side. Og det er ikkje nubbesjanse for at du har lest alt før. Så det er berre å setje i gong. Arbeidarsonen frå Odda tek oss med til ukjente plassar, han får oss med på sære tankerekker og eksperiment du aldri hadde tenkt ut sjølv. Det handlar om musikk, journalistikk, fotografi, høgre utdanning og fattigdom. Nokre er korte og konsise som popsongar, andre er lengre reportasjar frå Bergen, Oslo, New York og Transilvania. Det er eit slit kvar gong ein byrjar på ei ny. Ikkje fordi det på nokon måte er keisamt. Men Grytten tek lesaren med seg på reisa til dei grader at det er mentalt slitsamt å lese fleire tekstar etter kvarandre. Eg har vore med Grytten til Voss og Beijing. Slike reiser fordøyast ikkje over natta.

Eg skal aldri reise meir. Frå no av skal eg skal berre lese bøkene hans medan eg irriterer meg over dårlege popsongar på Universitetsbiblioteket.

Powered by Labrador CMS