Botnkaldt

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Pionér

# *Regi:* Erik Skjoldbjærg

*Med:* Aksel Hennie, Wes Bentley

*Premiere:* 30. august

Opp med olja – kosta kva det kosta vil. Det var mentaliteten då det svarte gullet under havbotn i Nordsjøen vart oppdaga. For å få rikdomen opp måtte nokon ned dit. Men kunnskapen om konsekvensane av så djupe dykk var liten, og det gjekk på liv og helse laus for fleire av dei første nordsjødykkarane.

Dette mørke kapitlet i det norske oljeeventyret tener som bakteppe i Erik Skjoldbjærg («Insomnia», «Nokas») sin nye storfilm, thrilleren «Pionér». Historia vert hovudsakleg presentert med gamle bilete og tekst hefta med eit par skjemmande skrivefeil innleiings- og avslutningsvis. Ho kunne med fordel vore trekt betre inn i sjølve filmen gjennom fleire referansar til verkelege hendingar.

Aksel Hennie toppar sjølvsagt rollelista, denne gongen som dykkaren Petter, som nok er hakket flinkare til å brøla «Shut the fuck up!» med klingande amerikansk aksent til dei utanlandske kollegaene sine enn nordmenn flest var på syttitalet. Dette kompenserer han heldigvis for med ein fyldig og fin mustasje som fjernar all tvil som måtte oppstå om kva tiår me befinn oss i. På oppdrag for Oljedirektoratet skal Petter og broren Knut (André Eriksen frå Warlocks, faktisk) undersøkja moglegheitene for å bygga røyrledningar for ilandføring av olje langs havbotnen. Dermed vert dei dei første til å dykka til botnen av Nordsjøen. Men noko går sjølvsagt frykteleg gale, og Knut kjem aldri opp att i live.

«Pionér» er ein spanande film. Petter er overtydd om at brorens død ikkje var ei rein ulukke, og leitar både over og under overflata i jakta på sanninga om kva som eigentleg hende. Det er ikkje enkelt i eit miljø der profitt og prestisje trumfar det meste, og dei tiltakande skadeverknadene av djuptvassdykka legg seg som ei skodde over evna til å skilja mellom sanning og løgn, røyndom og reine hallusinasjonar. Heller ikkje sjåaren får oversikta, og dermed held filmen på merksemda frå byrjing til slutt.

Regissør Skjoldbjærg lukkast med å utnytta moglegheitane for fine undervass-scener utan å overdriva. Det vert i overkant mykje Hennie gjennom filmen, men både han og dei andre medverkande leverer jamt over gode skodespelarprestasjonar. Karakterane deira er imidlertid ikkje godt nok utvikla til at eg verkeleg fell for nokon av dei, og dialogen mellom dei har eg for lengst gløymd. Det gjer «Pionér» til ein underhaldande, men nokså lettgløymd film.

Powered by Labrador CMS