Full måk frå start til slutt

Kontrasten mellom den beinharde energien frå scena og den beherska nikkinga frå bransjepublikummet er enorm når Girl Army spiller.

Publisert

Girl Army

Scene: John Dee

Tid: 27. februar

På ei lita klubbscene er det få ting som er råare enn energisk trashmetal, noko Girl Army viste på Bylarm.

I spissen, og som det absolutte midtpunkt, står Sondre Haug, kanskje bedre kjend frå Social Suicide. Som eit magert skjelett med vondskap i blikket står han på scena med ei kraftstemme og overnaturleg kondisjon.

Haug er overalt. Allereie under andre låt blør han frå panna, etter brutale møter med mikrofonen. Han brukar mykje tid på å springa blant publikum, ligga på golvet og vri seg, og klatrar opp på lydbordet for siste låt.

Det kan vera utfordrande å spela på Bylarm, og dette blir ekstra tydeleg på så harde og intense konsertar som Girl Army. Kontrasten mellom den beinharde energien frå scena og den beherska nikkinga frå bransjepublikummet er enorm, og kan føra til mageplask. Men det brydde ikkje Girl Army seg om, og ga full måk frå start til slutt.

Powered by Labrador CMS