Slektstreffet

I landskapet mellom rock og rap overbeviser OnklP & De Fjerne Slektningene.

Publisert

Onkl P & De Fjerne Slektningene

Scene: Wimp-teltet

Tid: 26. februar

OnklP & De Fjerne Slektningene består av medlem frå blant andre Oslo Ess og Turbonegro, i tillegg til onkelen sjølv. Halvtimen dei får startar med tunge riff og ein luskande onkel med eit olmt blikk. Og for ein gongs skuld kjem rock og rap godt overeins.

Logikken til Joey i Venner for livet er uslåeleg når han får servert ei mislukka bløtkake med krem, syltetøy og eit tjukt lag med kjøtdeig i midten. «What's not to like?» spør han. Slik er det ofte og med kombinasjonen rock og rap – kvar for seg er det godt, men saman blir det ofte trist. Slik var det ikkje i Wimp-teltet på Bylarm sin første dag.

I landskapet mellom rock og rap overbeviser dei både med P3-lista «Panderosa» og nyare låtar som «En Til», der komboen viser seg best fram – sterkare innslag frå hip-hop løfta av rockeriff. Difor let og det elles så sindige Bylarm-publikummet seg riva med, og slektstreffet blir som ei god heilafta.

Powered by Labrador CMS