Allværssoundtrack

Skatebård leverer eit ok DJ-sett til eksamenslesing, men ei dårleg plate, med CDIII.

Publisert Sist oppdatert

CDIII

  • Av: Skatebård
  • Plateselskap: Balsa Wood

Skatebård, eller Bård Aasen Lødemel, har etter kvart vore aktiv ei stund – han er kanskje best kjend for å vera med i Side Brok, der han også debuterte som rappar så seint som i fjor, etter lang og tru teneste ved miksebordet.

Solomaterialet frå Skatebård er meir obskurt – det er nok også meint for dei spesielt interesserte. Men det har blitt ein del plater opp igjennom åra, med den rytmetunge electronikaen som går igjen. CDIII er meir av det same – no byrjar det å bli rimeleg keisamt.

Først, det som er bra. Skatebård er god på stemninga, som kan minna om både kjølige King Midas og tropevarme Todd Terje, utan at nokon av dei treng å bekymra seg for hard konkurranse. Høgdepunkt er det få av, men dei finst. Både førstesporet «The Bells of Mist» og «Palais D’Amour» minnar sterkt om Drive-soundtracket frå 2011 – og det er ei flatterande samanlikning. «Donko Donko» utmerkar seg òg som litt meir leiken.

Problemet er at Skatebård har laga eit ok DJ-sett, av typen som står seg godt i bakgrunnen på kunstutstillingar eller moteframsyningar, der det er heilt andre ting som er i fokus. CDIII er eit soundtrack, ikkje noko som er interessant nok til å aktivt lytta til, med mindre du er blant dei aller ivrigaste.

Utanom opningssporet er det lite å ropa hurra for på CDIII, men albumet kan gjera nytte for seg for studentar i eksamenstida. Då slepp du i alle fall å ha noko på øyret som er meir interessant enn lesinga. CDIII er litt som ei allværsjakke. Det kan brukast til mangt, men er frykteleg keisamt.

Powered by Labrador CMS