Angst: Endetidstematikken blandast med med sol, sumar og karusellar på Snøskred si siste plate. Det fungerer, tykkjer vår meldar.

Apokalyptisk Snøskred

Endetidssumar og gammaldagse karusellar. Det berre noko av det Snøskred siste album har å by på.

Publisert Sist oppdatert

Empty House

  • Av: Snøskred
  • Plateselskap: Riot Factory

Seksti- og syttitalet dukkar fram frå høgtalarane. Sol, sumar og apokalypse ligg i melodiøse karusellar fra trondheimsbandet Snøskred sitt nye album Empty House. Eit album prega av musikalsk nostalgi og moderne nihilistisk endetidstematikk. Tomme hus, krisebunkerar og unemnde farer gjer tekstane, enkle som dei er, til spanande små snuttar av ei historie.

Komposisjonen er tilsynelatande enkel. Melodiane og tekstane er som sirklar, ein får den samme loopen igjen og igjen, men som med ein ekte gammaldags karusell er der alltid noko nytt å oppdage for kvar gong ein snurrar kring i etterkvart kjent landskap. Det er noko avslappande i å la Snøskredet ta deg, la dei settje stemninga. Det esoteriske, punkerske og rocka går i skiftordning gjennom Empty House.

Det er avslappande og godt å vere her, trass dei tidvis angstframkallande tekstane

Heilheita framstår som ein meditasjon på eit tema og gjev albumet naudsynd dybde. Snøskred leverer, det er avslappande og godt å vere her, trass dei tidvis angstframkallande tekstane. Tekstar som også set seg i sinnet. Trøyst ligg der i melodien som følgjer med, som i sporet «Preparations» som handlar om å førebu seg på slutten ved hamstring og pistoltrening. Melodien er festlig og optimistisk i tandem med, og kompliment til, den mørke teksten.

Snøskred sine tomme hus er å finne på LP frå februar, ei investering for den som ynskjer å gje festen ei god atmosfære eller treng hyggjeleg følge til husvasken, eller som bakgrunn til litt kvardagsfilosofering med ein kopp te i godstolen. Ei ekte allvêrsplate er Empty House, og det trur eg er nett kva Snøskred har ynskja den å vere.

Powered by Labrador CMS