Gold Celeste: Ein varm, men preglaus debut. Foto: Benedikte Olsen

Golden slumbers

Gold Celeste strekker seg langt, men landar berre akkurat på beina i ein varm, men preglaus debut.

Publisert Sist oppdatert

The Glow

  • Av: Gold Celeste
  • Plateselskap: Riot Factory

No er det frykteleg mange band som ser djupt inn i psykedeliaen frå 60-talet, og tenkjer at det er ein sjanger innan rocken det er verd å pusta liv i på nytt. Tame Impala og Unknown Mortal Orchestra har til dømes gjort det med hell, og desse to nikkar også Gold Celeste anerkjennande til, både musikalsk og i det medfølgande presseskrivet. Der blir også legenden Syd Barret kasta inn i miksen – ei samanlikning som også er god, men det er å tøya strikken i lengste laget.

Debuten har fått namnet The Glow, og det kan – om ein er villig til å strekka litt meir i strikken som no nærmar seg bristepunktet – sei eit par ting om musikken. For det første har Gold Celeste ei varm side i musikken sin som kjem fram etter nokre rundar. Du blir litt glad av å lena deg inn i verda dei lagar. Vidare er det mange som har kalla albumet sitt det same før. Det kan tyda på at Gold Celeste ikkje har funne opp kruttet.

I det behagelege landskapet til psykedeliaen er det mange gode verkemiddel å nytta seg av – biletet av eit faktisk landskap er nok meir treffande i denne sjangeren enn i mange andre på grunn av den svevande kjensla som følgjer med – men som i dei fleste andre sjangrar er det lett å læra, vanskeleg å meistra.

Gold Celeste er ikkje verdsmeistrar i psykedelia. Dei har rota rundt i verktøykassa og sett saman eit debutalbum som er fint å høyra på, men ikkje særleg meir enn det. Utanom høgdepunkt som Time Of Your Life og opningssporet Can Of Worms er pakken rett og slett preglaus og midt på treet.

Powered by Labrador CMS