Evigunge: Det kan høyrast ut som Motorpsycho har funne ungdomskjelda. Musikken deira blir aldri gamal eller keisam, fordi dei aldri slår seg heilt til ro med ei oppskrift, men hald fram med å utfordra sin eigen kreativitet.

Meisterleg monsterjakt

Here Be Monsters er ein maktdemonstrasjon frå ringrevane i Motorpsycho

Publisert Sist oppdatert

Here Be Monsters

  • Av: Motorpsycho
  • Plateselskap: Rune Grammofon

Nokon band tviheld på ein stil gjennom heile karrieren, slik at du lurer på om dei er i stand til å tenke kreativt. Andre finn seg sjølv opp på nytt ved kvart høve, slik at du lurer på om de i i det heile tatt har ein kjerne.

Knapt nokon andre enn Motorpsycho styrer så trygt og så elegant mellom desse grøftekantane. Det er aldri keisamt å setje på ei ny Motorpsycho-plate; du veit aldri heilt kva som kjem. Samstundes er du aldri i tvil om at det nettopp er Motorpsycho du høyrer på.

der fleire av dei siste albuma deira tidvis har hatt preg av maskespel, får me her bandet tettare inn på livet

«Sleepwalking», den korte instrumentalen som opnar Here Be Monsters, får deg likevel til å lure. Det enkle, fallande pianomotivet set tonen for eit album som er meir langsamt og ettertenksamt enn tidlegare utgåver av bandet. Skiftet er velkome: der fleire av dei siste albuma deira tidvis har hatt preg av maskespel, får me her bandet tettare inn på livet.

Samstundes har plata tydelege røter i den mangslungne Motorpsycho-historia. Dei faste kjennemerka er med: den tunge grooven, dei drivande riffa, den spinkle, nasale røysta til Bent Sæther. Den angstfylte mumlinga på songar som «Lacuna/Sunrise» sender tankane tilbake til førre monsterplate, Timothy’s Monster frå 1994. Coverlåten «Spin, Spin, Spin» minner om country-sideprosjektet The International Tussler Society, men med eit mørkt, psykedelisk preg.

Plata kulminerer i monumentale «Big Black Dog», der søkinga etter monster fører heilt ned i det store djupet. Ein maktdemonstrasjon av sjelegranskande rock, og eit perfekt punktum for ei stor plate.

Powered by Labrador CMS