MEKTIG, IKKJE POMPØS

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Soup

# Children of E.L.B.

# How is Annie Records

Soup leikar med det same lydbiletet som Sigur Rós, Mew og Mogwai. Det er stort, det er vakkert og det tvinger fram kjensler hjå lyttaren.

Children of E.L.B. er i hovudsak kjenneteikna av det store spennet mellom songane. Kvar song gir ei ny oppleving. Ein finn både dei heilt rolege songane der det er langt mellom kvart toneslag, og låtane der bandet pushar ville elektroniske beats. I «Leaving the Harbour» ligg lyden frå trommene som ein tikkande nerve i bakgrunnen, og driv musikken vidare i samspel med varsame gitarriff og strykarar. Medan i «In Memory of Richard Wright» startar musikken roleg, og byggar seg gradvis opp med ein tøff vri av barnerommets Casio-keyboard. Til det tilslutt bryt ut i eit valdsam forløysande virrvarr av elektroniske «ulydar».

Fleire av songane er bygd opp med å gå frå heilt roleg i starten til å ta heilt av i slutten. Denne dynamikken gjer at nokre av dei fort kunne ha bikka over til å verte litt for pompøse. Men i kombinasjonen med dei meir «edruelige» songane vert det likevel ikkje det. Det merkast at Soup består av fire svært dyktige musikarar. Ingenting framstår som tilfeldig, og ein sitt igjen med eit inntrykk av ei veldig mektig plate. Den er nær og var, samtidig som den også er full av futt. Eit imponerande verk frå Erlend Viken og Soup.

Powered by Labrador CMS