Men punken var ikkje død

Ein debut å vera stolt av, sjølv om Tirades kanskje har latt seg inspirera litt i overkant av heltane sine.

Publisert Sist oppdatert

Lifetime of Wars

  • Av: Tirades
  • Plateselskap: Fight! Records

Tirades debuterer med Lifetime of Wars, og gjer det med solid kvalitet heile vegen. Det er kanskje ikkje så rart når ein ser på kven som er med. Utanom medlemma, med bakgrunn frå mellom anna Social Suicide og Blodig Alvor, har både Tarjei Strøm (Datarock), electronica-høvdingen Ralph Myerz, og Kvelertak-gitarist Maciek Ofstad vore med.

Det som overraskar mest med Lifetime of Wars er derfor ikkje kvaliteten, men variasjonen. Punken er ikkje kjend for den store breidda – ungdommeleg raseri og ballespark har hatt ei større rolle. Men her er både det hurtige og intense, det storslagne og pompøse, og det overraskande nedtona. Høgdepunktet kjem på slutten i den veldig upunkete «1996», og Ralph Myerz-remixen av same låt. Akustisk gitar og piano ropar ikkje ballespark, men den tunge stemninga er likevel unekteleg punk. Akkurat det forstår kanskje Tirades betre enn mange: Det handlar ikkje om kor hardt du slår gitaren. Punk er – i fare for å høyrast veldig lite punkete ut – ei kjensle som ligg i magen. «1996» er eit strålande døme på det.

Tirades treff på mange av dei samme punkta som Kvelertak gjorde med sin debut i 2010. Den gong var det ein heilt unik kombinasjon av pop og metall som traff – og Tirades har også fleire pop-element med seg, til dømes i «Sleepless» og «Never Again», som fungerer godt.

Likevel vil nok ikkje Tirades bli dei nye kongane av norsk punk etter debuten. Sjølv om det meste stemmer på Lifetime of Wars, er det litt for anonymt til å verkeleg stikka seg ut. Men setter du på det nye albumet deira, vil du ikkje angra på det.

Powered by Labrador CMS