På veg oppover

Etter ein fin bukett av singlar dei siste åra, er det mange som har venta spente på debutalbumet til Vilde Tuv, det siste skottet frå det eviggrønne popmusikalske bergenstreet.

Publisert Sist oppdatert

D’ meg

  • Av: Vilde Tuv
  • Plateselskap: Opplett

Om ho først skal samanliknast med andre artistar som har hatt ca same postnummer, er det freistande å skildre Tuv som ein slags surrealistisk, kvinneleg krysning mellom John Olav Nilsen og Kygo.

Tuv er kjent for å opptre åleine med gitaren og ei basstromme, men har sagt til Natt og Dag at «Jeg ser på meg selv mer som en elektronika-artist». Sjølv om dette har eit element av fornekting i seg, er det likevel noko i det. Det pulserande, repetitive gitarspelet høyrest meir ut som at det etterliknar drivande elektronika enn fordums singer/songwriters. Difor let det heller ikkje unaturleg når ho byter ut gitaren med synth og rytmeboks på eit par av låtane.

I lengda blir lydbiletet nokon gonger vel tynt, og som lyttar kan ein ta seg i å sakne musikalsk variasjon. Då kan ein heller vri fokus mot songlyrikken. Tuv trakterer evige tema som relasjonar og oppvekst med kreative grep, men er på sitt beste når ho utforskar dei porøse grensene mellom den individuelle erfaringa og kreftene som verkar inn utanfrå, og gir oss metafysiske perler som denne: I celleveven arbeider alle verdens kloder / og alle de som bor der, og alle dies atomer.

Det same temaet er gjennomført på draumeaktige «På vei innover», kanskje den mest tilgjengelege poplåten på plata. Tekstane er med på gi Vilde Tuv eit klart særpreg i generasjonen av norske låtskrivarar som har vakse fram dei siste åra, om ho enno er litt uferdig, er det all grunn til å fryde seg over D’meg.

Powered by Labrador CMS