Bommar ikkje

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Synkoke

# Hokjønn

# Synkoke 2009

...Der skal pili stå og dirra! Men net der treffer du ikkje. Du er nær, nærare, nei, ikkje nær nok!, skrik vokalist og saksofonist Erik Nerheim ut på rungande nynorsk i songen «Bomskot». Men Synkoke sjølv, dei er meir enn nær nok.

Allereie frå første spor, «Ho seier kva ho tykkjer», vert ein dradd inn i musikken og fanga i eit herleg samansurium av vill saksofonspeling, hardtslåande nynorske tekstar henta frå Olav H. Hauge sine dikt, og glimrande harmoniar frå gitar og tangentar.

Det umiddelbart mest påfallande er dei store variasjonane mellom songane. Det er så mykje spennande som skjer, og så mange nye element som dukkar opp etter kvart i songane. Det startar hardt, og går deretter over i varare tonar, trommisen slår raskare, vokalist Nerheim ropar ut nokre fraser, og så brakar det laust igjen med vill saksofonspeling.

Musikken er rå, var, eksperimenterande og sjelfull på same tid. Avslutningssporet «Koral» er til dømes så vakkert at det nesten knyt seg i magen. Songen er driven av lidenskapelege tonar frå vekselvis pianospel og saksofon, og med bass og trommer som ein pulserande nerve i bakgrunnen.

Alt i alt er Hokjønn ei plate ein kan setje seg ned og verkeleg lytte til. Det einaste skuffande er at plata ikkje varer lengre enn knappe 38 minutt.

Powered by Labrador CMS