
Skrekkeleg vakkert
For å la det viktigaste kome først: Dette er ei formidabelt bra plate og eit skjeldant eksempel på eit album som med sine 30 minutt er altfor kort.
Thinguma*jigsaw er ein norsk/irsk duo beståande av Martha Redivivus på sag, fløyte, melodica, ukulele og gitar og Seth Buncombe på banjo og vokal – det manglar altså ikkje på underfundige melodiske og arrangementsmessige innspel.
Herlegheita Ghoul’s out startar med «We’re All Doomed» der teksta inneheld fraser som My heart is filled with pity for human kind. This life is mean and shitty, far from sublime akkompagnert av tilsynelatande lystig banjoklimpring og fløytespel som kunne vore henta rett frå ei scene i ein skrekkfilm i ein mørk skog rett før noko frykteleg skal skje.
Stemninga i albumet balanserer på ein hårfin grense mellom behag og ubehag. Doen syng om forferdelege tema, med referansar til både kunstmusikk, modernistisk litteratur og horrorfilmar, på ein fantastisk vakker måte.
Dette er gjennomgåande heilt til sistesporet «Your Life Crawl Back In» der eit barn roper med hes stemme: Here’s my eyeball! Here’s my kissy-kissy! Rimeleg forstyrrande. Og dette er, visstnok, bandet i sitt hittil mest optimistiske hjørne. Men hey – kvifor ikkje?
Kombinasjonen av enkel, genial kompleksitet og intelligente tekster og oppbygging gjer dette til eit album som er lett å bli fascinert av. Ghoul’s out kan best skildrast med tre ord: Skrekkeleg, mystisk og vakkert.