OPPSTILLING: Mannskapane på Das Boot er ein brokete gjeng. Ein har reist frå Mexico for å gjera si plikt som tyskar, men dei fleste er mest opptekne av å overleva og koma seg heim. FOTO: Fin Serck-Hanssen/Det norske teatret

Under overflate-spenning

Femti mann låst inne i eit våpen er nervepirrande saker.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Das Boot

# Scene: Det norske teatret

Regi: Kjetil Bang-Hansen

Med: Lasse Kolsrud, Audun Sandem

Tid: fredag 27. januar

Året er 1941, og tyskarane kontrollerer store delar av den europeiske kystlina. Mannskapane i den tyske u-båtflåta har heltestatus. I hamn lever dei livets glade dagar og pådreg seg farskap og flatlus. Under overflata er tilværet eit heilt anna. Ingenting hender. Dagar vert til veker. Dei ventar og ventar. Oddsa for å koma levande frå tenesta er dårlege, ingen snakkar om etterpå. Så kjem åtaket.

Det første som slår meg med Das Boot er kullissane. Eg veit ingenting om u-båt-interiør frå førtitalet, men den som er bygd opp på scena ser imponerande truverdig ut.

«Den konstante uvissa om kva som vil henda tærar på mannskapet, og det er dette som byggjer spenninga i stykket.»

Dette er første gong historia vert sett opp på ei teaterscene. Det er basert på romanen med same namn frå 1973, som igjen har sitt utgangspunkt i forfattar Lothar Günther Buchheim sine eigne opplevingar som tysk krigskorrespondent. Buchheim kritiserte filmatiseringa frå 1981 for å tona ned det psykologiske aspektet og anti-krigsbodskapen for å gjera plass til meir action. Det same kan heldigvis ikkje seiast om dramatiseringa til Kjetil Bang-Hansen. Den konstante uvissa om kva som vil henda tærar på mannskapet, og det er dette som byggjer spenninga i stykket. Samstundes er det rom for humor, ofte med punchlines like mørke som djupet dei kjem ifrå.

I Das Boot møter me krigskorrespondenten Werner (Audun Sandem), som vert send på tokt med ein av dei tyske u-båtane i Atlanterhavet for å dokumentera livet om bord. Han forblir i stor grad ein utanforståande i høve til mannskapet. I poetiske vendingar formidlar han opplevingane sine og fungerer som bindeledd mellom publikum og det som elles hender på scena. Det er eit godt grep, men på eit tidspunkt, når torpedoane dundrar i alle retningar, skulle eg ynskja resten av mannskapet sjølve heller kunne vist meg tydelegare kor tynnslitne nervane er vortne.

Den som imponerer mest er Lasse Kolsrud. I rolla som kapteinen fordømmer han krigen, mislikar å torpedera forsvarslause handelsskip, men toler kanskje endå dårlegare at ingenting hender. Ingen formidlar den trykkjande stemninga om bord betre enn han.

Det neste som slår meg med Das Boot er at det har gått ein time og førtifem minutt utan pause, og mannskapet har halde meg på nåler under store delar av ferda. Det er eit godt teikn.

Powered by Labrador CMS