UTAN HELL: Tredjeklassingane på skodespelarlinja på Khio får det diverre ikkje heilt til i denne oppsetjinga. Foto: Stephen Hutton/KHiO

Vente på no’ godt

Teaterhøgskulen klussar med ein av dei store teaterklassikarane.

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Vente på Godot

# Scene: Teaterhøgskulen

Regi: Morten Krogh

Tid: fredag 10. februar

«En crossoverforestilling med tekst fra Becketts skuespill» lyder undertittelen til 3.klasse på skodespelarutdanninga ved KHiO si oppsetjing av Vente på Godot. I Samuel Beckett sitt stykke frå 1948 møter ein Vladmir og Estragon som ventar på herr Godot, som aldri kjem. Stykket har ofte vore skildra som stykket der ingenting hender, to gonger. Teaterhøgskulen si oppsetjing kan heller skildrast som stykket der alt skjer.

«Ein etter ein framfører skodespelarane ulike songar der du sitt flau og ser på.»

Det er song, kor, dans, latter, humor, meir eller mindre alt som skal til for å laga ein revy eller musikaloppsetjing. Stykket som originalt har som mål å skildra det meiningslause og eksistensielle ved livet, trongen etter å fylla tida med noko med meining, der tid, stad og rom vert diskutert og handlingar og ord er ulogisk, vert vridd om til å handla om det eine musikalnummeret etter det andre. Og det utan hell. Eit tilfeldig, og tilsynelatande ugjennomtenkt utval songar vert framført av skodespelarstudentane, alt frå «Personal Jesus» til «Autumn Leaves». Nølande, falskt og med lite energi. Oppsetjinga vert samanliknbar med Idol, ein etter ein framfører skodespelarane ulike songar der du sitt flau og ser på mens du tenkjer «du kjem nok ikkje vidare denne gongen».

Scenelandskapet er tomt og aude, berre fylt med nokre få metalliske gjenstandar som skodespelarane aktivt brukar i sine monologar og songframføringar. Dette kunne ha vore fine kulissar som hadde fått fram mykje av essensen i stykket, men vert øydelagt då to av skodespelarane hoppar frå eit rekkverk og ned på det som fyrst verka som å vera innramminga av scenen, men som viser seg å bli brukt som ei gigantisk trampoline. Det som verkar som eit slags forsøk på å vera nyskapande og utprøvande, blir frå publikum sin ståstad berre forstyrrande. I staden for å følgja med på teksten og musikken, sit publikum med ein følelse av redsle for at noko skal gå gale, at nokon skal skada seg, eller detta ned frå det som verkar som ei svært usikker trampoline.

Ei svært usikker trampoline, ei svært usikker oppsetjing. Kjensla av å konstant venta på Godot vart her i staden til eit håp om at han skulle komma, men då for å redda oss ut av teatersalen for å finna noko meir meiningsfylt å fylla tida med.

Powered by Labrador CMS