Utstilling

Rom til besvær

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# The Other Road, The Eyes Mind, Rom

# Av: Kunstfagstudentar ved KHiO

Stad: Galleri Seilduken

Tid: Fredag 24. februar

Galleri Seilduken på Kunsthøgskulen i Oslo baud på tre utstillingar frå tre ulike kunstfagstudentar sist veke. Anne Weyer-Larsen stilte ut sitt verk «The Other Road», Eunju Kang viste «The Eyes Mind», og Ida Løkken hadde utstillinga «Rom».

Dei tre verka er svært ulike, laga av svært ulike kunstnarar. Likevel vert det vanskeleg å skilja dei tre frå kvarandre, der tilskodaren får kjensla av at alt som er utstelt er oppå kvarandre.

Weyer-Larsen skildrar finansverda versus fattigdom. I verket har ho klippa opp dressen til ein mektig finansmann for så å lappa den saman att til eit stort lappeteppe. Kang vel å fokusere meir på det estetiske i kunsten. Det å stimulera auget via figurar og repetisjonar av mønstre pregar dei to papirverka hennar. Løkken viser fotobaserte media og det ho kallar «objekt i rom». Kunstnaren tenkjer seg at menneske har private rom i underbevisstheita som ein går til i ulike situasjonar.

Tankane bak alle verka verkar både spanande og inspirerande ved fyrste augekast, men vert øydelagt av at alt kjem oppå kvarandre og difor verkar uplanlagt. Weyer-Larsen sitt verk er utstilt i eit rom som verkar meir som ein boks, som ein av dei minste studenthyblane du kan tenka deg. Kang og Løkken sine verk er i same rom, tett opptil kvarandre.

Det er til dømes ironisk at ei utstilling som fokuserer på rom vert øydelagt av akkurat det – ved at ein heile tida går med kjensla av at denne utstillinga hadde vore mykje meir interessant om den hadde fått meir plass.

Powered by Labrador CMS