
1-2-3, tillit
Kva er-serien er eit konsept der ein kan lære litt om eit fagfelt utan å kunne så mykje frå før. Og forfattaren er denne gong han som skreiv den boka på ex. fac.-pensum. Den du, dersom du studerer samfunnsvitskap, kanskje opna eit par gongar i løpet av semesteret. Ikkje hørt om? Uansett. No skriv han om fenomenet tillit.
Mykje av det materialet som vert presentert framstår som ganske sjølvsagt. Til dømes at det handlar om tillit når taxisjåførar tek på folk i bilen. Grimen skriv det så fint på denne måten: «eit vesentleg trekk ved tillit er at det gjeld noko som er viktig for tillitsgivaren» og «den (tilliten) kan forsvinne brått dersom tillitsmottakaren gjer bestemte ting».
Overraskande nok er det mange som har motstridande meiningar om fenomenet tillit. Ergo, det er vanskeleg å henge med dersom ein ikkje er så kjend med tillitsforsking frå før (for det er faktisk eit eige fagfelt).
Det kulaste i boka er lista av anbefalt lesing bak kvart kapittel, der alle bidraga er skildra etter kva plass dei har innan tillitsforskinga. Om eit bidrag frå ein som heiter Lagerspetz står det til dømes at det er ein «interessant diskusjon av kvifor tillit ikkje er ei sinnsstemning». Morosamt.
Eller så er boka litt som å lese ex. fac. For så vidt interessant, men kanskje ikkje eit frivillig førsteval. Dessverre.