
Andakt
Det er dørgande stille i Lillesalen på Chateau Neuf. Det er laurdag ettermiddag, medlemsmøte i Det norske studentersamfund, og dei tjue av potensielt fem tusen frammøtte er nett spurd om dei kunne tenkje seg å bli eit forum for vedtak av fråsegner. Slik som i gamle dagar. Det viser seg at omgrepet fråsegn er relativt framand. Men talspersonen frå Kulturutvalet, som er initiativtakar, demonstrerer både tale- og tolmodsgåver og gjer på ryddig og audmjukt vis greie for konseptet. Entusiasmen stig ikkje nemneverdig. Under røysting er fleirtalet for, nokre imot og ein høveleg del av publikum fråhaldande i spørsmålet om å vurdere å vedta fråsegner. Stille igjen.
Medlemsmøtet har fleire saker. Koordinering av plakatombering er ei sak som engasjerer langt fleire. Hovudstyret styrer ordet, byr på brus og har til dels teke på seg hattar i høve Halloween. Møtet har ein god kombinasjon av formell takt og uformell tone. Konklusjonen blir at styret tek medlemane sine innspel til etterretning og arbeider vidare med saka. Det er konklusjonen i dei fleste sakene, men det må da også vera eit faresignal.
Di færre vedtak, di mindre vits i å møte fram. Men ingen dødsdom felt. Stemninga var god, innspela konstruktive og takhøgda eit studentmøte verdig.
Det kunne vore verre.