
Blodig alvor
Verda er prega av frykt og uro. I ei slik tid er det godt å vite at det finst ekte kvardagsheltar, heltar som på kort tid kan rykke ut, og som skyr korkje mannevonde gnagarar eller heilskrudde professorar. I Blodbanken si siste utgjeving, prega av vald, gørr og terror, får nettopp desse superheltane si rettmessige merksemd. Eit relativt ungt publikum er målgruppa.
Med uttrykk som «Morra di er mann» og «No bullshit» må ein seia at Blodbanken i stor grad har lukkast i å fange kodene til den yngre garde. Blodige triks, som å putte levande kaninar i kjøkkenmiksaren, er også med og vekker merksemda til ein sovande ungdomsgenerasjon, og i tillegg kan livsvisdomen, som med jamne mellomrom snik seg inn, vera ein tankevekkar for oss alle. Kanskje især denne: «Råd til potensielle blodgivere: Aldri takk ja til gratis børst.»
Bodskapen er at alle må gi blod. Det springande spørsmålet blir derfor om verket er eigna til å inspirere til ei såpass heltemodig gjerning. Det vage svaret blir at det spørs. Appellen vil nok først og fremst treffe lesarar med eit avslappa tilhøve til vald og blod. For dette er faktisk litt for mykje av det vonde. Likevel, taklar ein avskorne kaninhovud som golfballar, kan det vera eit godt prov på at eit nålestikk heller ikkje er over smertegrensa.