Døvt frå kidsa

Publisert

Anmeldelse

# Casiokids på by:Larm

# Rockefeller

# 18. februar

«Ok? Var dét det?» var reaksjonen frå venninda mi etter Casiokids’ konsert på Rockefeller torsdag. Onsdag leverte dei ein kjempekonsert til eit stappfullt telt på Youngstorget, med eit energinivå til tusen. Men torsdag minna konserten mest om ein liveopptreden med korgruppa til mormor.

Det var riktig nok bortimot stappfullt i lokalet, men dei som sto der såg ikkje ut til å verte spesielt imponert. Stemninga tok seg litt opp under hitane «Fot i hose» og «Finn bikkjen», men etter dei første refrenga i songane, slutta folk å bevege seg igjen.

Bandet var slappe og uentusiastiske. Dei klappa litt og rocka med musikken for å dra i gang publikum, men det framsto noko påtatt. Dei lukkast ikkje i å formidle speleglede til salen. Ikkje ein gong når Casiokids’ varemerke – dei dansande bjørnane – entra scena, vart det merkbart betre stemning.

Bandet har nettopp gitt ut debutalbumet sitt Topp Stemning på Lokal Bar, og dei spelte sin andre konsert på to dagar. Likevel er det urovekkande om dei allereie no skal vere utslitte. For det var nettopp det som prega heile konserten, noko som tyda på eit litt for langt nachpiel onsdag kveld.

I denne settingen var det greitt at bandet ikkje har større repertoar enn åtte songar, og at konserten ikkje varte lengre. Når ein har opplevd Casiokids så mykje betre, var torsdagens prestasjon direkte skuffande.

Powered by Labrador CMS