
Fint for fans
Ane Brun for meg er først og fremst «Lift me». På denne live-plata får eg oppleve meir av kva ho har å tilby. Ho har i utgangspunktet ei fin og behagelig stemme, men eg får fort nok.
Den spesielle stemma vert fort ikkje så spesiell lenger, og songane fenger ikkje. Sjølv om ho byr på både «Lift Me» og semi-hiten «My Lover Will Go», held det ikkje i det lange løp. Det er lite nytt på skiva, og sett bort frå tre cover-låtar er det ikkje mykje å rope varsku om. Dei tre låtane gjer ho til si eiga, og i tilfellet «True Colors», opphavlig utgitt av Cindy Lauper, gjer ho det veldig bra. Men kvifor ho har valt å lage sin versjon av Alphavilles «Big in Japan», forstår ikkje eg. Ikkje er ho stor der borte, og ikkje passer songen til artisten.
Ane Brun og stemma hennar vert for einsidig til å vere heilt åleine på scenen. Og når tempoet i songane går opp, skinner avgrensingane i stemma fort gjennom. Det er til Brun sin fordel at ho har eit godt kor, med blant anna Lisa Ekdahl som korist, og eit utruleg bra band i ryggen. For Brun sine fans, vil nok dette vere ei fin plate med mykje bra musikk. Og om dei først er fans, så held dei nok ut med stemma også.
Eg trur heller eg drar på konsert enn å høyre på live-plata. For ut frå Stockholm-publikumet sin respons å dømme, er det der Ane Brun leverer best.