Flammehav

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Lukestar

# Lake Toba

# Phone Me Records

Drøymer du om å reise langt avgarde? Dit bølgjene slår og havfruene syng? Kanskje ut mot havet og til mystiske innsjøar i Indonesia? Vel, du skal sjå at redninga er nærare enn du trur. Det kan faktisk hende at det å låne eit blåfrose øyre til Lukestar si nyaste utgjeving Lake Toba, er alt som skal til før du igjen kan kjenne deg som ei heilt og levande menneske.

Det opnar forsiktig. «White shade» og «Shape of light» vitnar om sjeldan stemmeprakt og ålreite rytmearrangement, men utan at den melodiøse opplevinga er fullkomen. Tittelsporet «Lake Toba», derimot, og den vare og lokkande «Intermission To Io» blir dei endelege manifesteringane av syngande vatn og mystiske sirener. Her brusar det som det skal.

Ein kunne nok ønskje seg litt meir variasjon. Dei fleste låtane har den same kombinasjonen av sårt og søtt, ballade og rytme, og Lukestar skal jobbe litt meir før dei kan skilte med eit særeige uttrykk i indiejungelen. I så måte kan kanskje dei artige lyduttrykka vera til hjelp. Metallisk tikking i «Clockworks of Tomorrow» og hyssingtelefonisk preg på «In a hologram» er smarte trekk. Foreløpig er det ikkje superoriginalt, men Lukestar kan slappe av i denne omgang. I lange augneblinkar er songen berre brennande vakker, og strender og sjøar er alt ein ser.

Powered by Labrador CMS