
Haustsong
Det er lite som er så trist og vakkert som ein kald haustdag. Songs from a tin laboratory er ei fin påminning om akkurat det, om du da er mentalt rusta for den endelege stadfestinga av at sommaren er over. Opningslåta «Jack lite» set ei umiddelbar melankolsk stemning, og «The seasons that will change your ways,» lenger ute, tek det melodiøse preget til nye høgder. Med sine såre, såre strofer er også «Black cat» eit nydeleg stemningsinnslag som på sitt vis evnar å gjera deg litt glad.
Likevel. Det skal seiast at ein kjedar seg meir enn ein gong før denne plata er gjennomspela. Enda så fint det kan vera på toppane, så kjem nedturane litt for ofte. Lydbiletet blir innimellom platt og fargelaust, som i sporet «Betwixt and between.» Melody Marshals kunne også funne det bryet verd å jobba litt meir med tekstane sine. Stjerner som sloknar og tårer som fell er eigentleg ikkje noko nytt, og lengting etter romvesen er ikkje særleg romantisk.
Styrken til dette verket ligg openbart i dei delane der melodi blir prioritert framfor rare og irriterande rytmekomposisjonar. Og berre så det er sagt, stemma til vokalisten er eit av dei aller varmaste innslaga. Ho kilar på ryggen, væter i øyret og rører ved det vesle som er att av sommarleg svermeri. Kom og ta meg, slemme melankoli!