Ingen country for unge menn

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Sissel og Odd

# Strålande jul,Universal versus

# Rita Eriksen

# Velkommen inn, Frelsesarmeens juleplate, Bigbox

Det stundar mot juletid, og plateselskapa gjer alt dei kan for å plage det norske folk med kvasitolkingar av våre salmar vi har fått så stor hug til. Eg hugsar det sjølv, frå juletrefesten på bedehuset heime på Tofterøy, der sjølvaste Erling drog i gong «Jesus, du er den himmelveg» mellom ferdigsmurte lefser og broderte dukar. For ei stemning, ein kjende at Gud var nær.

Men også Guds ord er blitt kommersielt, sjølv for bedehusfolket. I år er det spesielt Odd og Sissel og Rita Eriksen (hæ?) som kjem til å ligge under trea. Så ironisk. Sistnemnde vart kjend som følgje av eit dikt Ragnar Hovland skreiv på 80-talet. Sissel er kjent for å vere dansk. Eller snakke dansk. Eller vere gift med ein fyr som snakkar dansk. Odd er han litt rufsete på håret-typen, med rar dialekt, iført sånne upraktiske klede som dei gjekk med før i tida. Saman syng dei om «Jul i svingen» (hehe) og «Maria hun er en jomfru ven». Country-dama Rita har fått i oppdrag av Frelsesarmeen om å lage årets juleplate. Vel, vår kjære fylletrønder Bjarne Brøndbo har jo gjort det før.

Og så? Dersom du lurer på kvifor denne meldinga ikkje inneheld informasjon om musikken, så kan det tenkast at det er det ein grunn til det.

Powered by Labrador CMS