
Jesus er ei afghansk jente
Ein raud lekter er stilt på tvers framfor operaen. Oppå står ei stor scene. Det verkar hardt og mørkt mot den lyse sumarkvelden, når 8500 menneske brettar ut sitteunderlaget og set rompa på marmoren. Det er så ein kan frykte at kveldens mann skal forsvinne i all den store rigginga, men frå Antony Hegarty går på scena, beskjeden og smilande, eig han den. Den sterke stemma bryt kvelden, og står i ein slik kontrast til scena rundt han, at det heile kjem i balanse.
Så er det og kontrastane som gjer denne konserten så heilstøypt som han er. Den varme musikken mot det kjølige operabygget, det stødige Det norske operas orkester som følgjer Antony sine usikre tekstar utan feil, den nydelige musikken mot Antony sine snodige små anekdotar mellom songane om korleis tre på Island ser ut som hårlause mus eller at Jesus vil kome attende som ei afghansk jente. I sentrum står ein svartkledd mann med rouge i kinna som slår ut i full blomst, særleg under «The cripple and the starfish», idet mørket kryp inn over byen. Stemma hans ber ømt utover Oslofjorden, og gjer operataket til Oslo si nye utescene. Lyden er god og alle ser. Det at drikkekøen er lovleg lang gjer liksom ikkje noko, for det er ingen som kan late vere å verte rusa av den spirituelle reisa Antony tek dei med på.