Fengslende: Her kan du kome og vere eit barn igjen, og samtidig høyre noko av det vakraste den klassiske verda har å by på – spelt av dei dyktigaste på klassisk musikk i Noreg, skriv vår anmelder, og roser den klassiske konserten.

Klassisk, utopisk klimaformidling

Nokre aukar klimavissheit ved å klemme tre. Filharmonien gjer det same ved å spele på treverk – rettare sagt strykeinstrument.

Publisert Sist oppdatert

Klangen av klima

  • Hva: Klassisk konsert med lysshow
  • Hvem: Oslo Filharmonien, dirigert av Christian Schumann
  • Når: 29. mars

Oslo Filharmonien freistar å sette klima på konsertprogrammet med familiekonserten Klangen av klima. Her tar dei deg gjennom vakker natur, menneskeskapte øydeleggjing og klimakamp, til tonar av mellom anna Haydn og Beethoven. Publikumet er ungt, for det meiste ungar og deira foreldre. På scenen sperrar eit gjennomsiktig lerret for orkestret. Her får ein sjå eit lysshow av animatøren David Chocron. Universet entrar skjermen med Spring 0 av Schumann, før det maritime livet tar over lerretet. «Sjå, ein kval!» lyder det frå ein gut bak meg idet ein hai symjer over skjermen. Etter ein idyllisk framstilling av naturen, tar urbane bygg og maskinar over lerretet. Idet The Clock and the Dresden Figures av Albert Ketélby byrjar, er klokkeverk og maskinar fokus. Maskinane slår i lag med slaginstrumenta, og skaper i lag ei inntrykksfull harmoni.

Men det som kjem etter er det mest innovative og spennande i heile konserten. Heile laget av slagarar går fram til tre bøtter med grønlysande vatn. Trommene er bytta ut med desse vatnbøttene, og den neste satsen er spelt i vatnet. For kva lyd får ein viss ein plaskar i vatnet — eller speler på ein gongong før ein drar han opp og ned av vatnet. Grepet er båe innovativt og musikalsk – det forbløffar båe voksne og born, og er kan hende det mest særstilte i framsyninga.

Men i klimakonserten er det håp. Greta Thunberg med sitt «Skolstrejk för klimatet»-skilt dukkar opp på skjermen. Så kjem bilete frå heile verda sine klimademonstrasjonar. Det heile ender tilbake med Thunberg og skiltet «Climate kids are coming». Og like framt kjem ein «climate kid» fram – i alle fall ein ungdom. 17 år gamle Bjørg Pas speler Richter si nykomponering av Våren like reint som det voksne orkestret spelar med.

Blomarenger tar over biletet, etterfulgt av moderne, klimavennleg arkitektur. Ei ny verd, der klimaaktivistane har vunne, viser seg på lerretet. Klisjé og utopisk, men greit nok.

Då konserten først vart vist, var det for skoleklassar i 2020. Den fikk den gong prisen Young Audiences Music Award for innovasjon. Vel fortent, med sitt intensive lysshow, som båe introduserer barn for klassisk musikk, og startar ein samtale om klimakrise mellom barna og deira foreldre etter showet. Likevel vert det til tider for mykje av det gode — det skal heile tida skje noko nytt på skjermen, og nokre gongar tar lysshowet litt for mykje over for musikken.

Konserten er ikkje berre for barnefamiliar. Her kan du kome og vere eit barn igjen, og samtidig høyre noko av det vakraste den klassiske verda har å by på – spelt av dei dyktigaste på klassisk musikk i Noreg.

Om konserten maktar å gi klimavissheit for dei vaksne i salen, er usikkert. Men den kan nok vere ein inngong for barn som sjølv kjem til å vakse opp med klimautfordringa som ei særs viktig problemstilling i framtida. Kan kunst og musikk endre verda? Kan kunst og musikk endre tankesett? Kan hende er det dette vi treng for å engasjere ein ny generasjon klimaaktivistar.

Powered by Labrador CMS