Kort og greitt

Publisert

Anmeldelse

# Klingenberg kino

# 45 – en omgang kortfilm

# Vises 8. januar - 4. februar

Lykka i livet er eit liv på Løkka. Eller var det kanskje på Grønland at den fjollete pakistanske jenta forsvann nedover gata? I ei data-animert utgåve av det barnsleg-klassiske eventyret om Raudhette og ulven hadde ho nyleg fridd seg både frå klamme, islamske familietradisjonar og sveitte, klønete norske menn. Så kunne vi le godt, om enn litt ettertenksamt, i det vi forlet kinolokala etter ei tre kvarter lang framsyning av fire norske kortfilmar.

Den første av filmane gav oss lite å le av. Han handla om menn som slo kvinner og menn som slo menn. Litt enkelt? Vel, det er det som er med kortfilmar. Handlinga blir litt enkel når ein skal fortelja henne oppatt. Det er like mykje ei visuell oppleving som krev kreativ deltaking frå den som ser. Mystikken i eit måleri og framdrifta i ein film får ei sameining som gir høve til å fortelja heilt nye historier. Det er litt usikkert om det var det som skjedde her. Tematikken i filmane var ikkje original, og mykje ny livsvisdom er det vanskeleg å skryte av at kom ut. Likevel, det heile var gratis, samansetninga av filmar var god og ingen av dei gjorde den minste skam på tida som var sett av.

Ei fin avrunding av ein krevjande dag, eller ei søt opplading til avslappande kveldskos. Men obs, obs: å gomle sjokolade og drops vil kjennast litt upassande.

Powered by Labrador CMS