Strøm og partikler: Metaforane generelt funkar svært godt, til dømes når det lyriske eg-et snakkar direkte til universet i eit tiltalande, kjærleg språk, skriver Universitas sin anmelder.

Kosmisk kjærleik

Kan også fysikarar skrive dikt? Det kan sjåast slik ut.

Publisert Sist oppdatert

La

  • Forfatter: Geir Halnes
  • Sjanger: Lyrikk
  • Forlag: Oktober

«la det begynne / enkelt / slik at den eneste veien å gå er mot større kompleksitet». Slik opnar Halnes diktsamlinga La, som så vidt eg kan forstå, har astronomiske ambisjonar: å lyrisk skildre skapinga av universet og utviklinga frå enkle strukturar til komplekse. Og meir komplekst blir det, når han set omgrep frå fysikken i krysstillingar som: «la et elektrisk felt som skapes skape / et magnetisk felt perpendikulært på seg selv // la et magnetisk felt som skapes skape / et elektrisk felt perpendikulært på seg selv».

Lat meg innrømme ein ting: eg har ikkje særleg greie på fysikk. Når eg ser frasar som «dopaminreseptor D2 i akkumbenskjernen» eller «finjuster energitilstanden i kjernen til karbonisotop C-12 til 7,65 megaelektronvolt», kan eg ikkje seie at eg veit kva som eigentleg føregår i isotop- eller akkumbenskjernen, eller kva dette vil seie i fysikken eller for utviklinga av partiklane i universet. Likevel merkar eg raskt at akkurat dét ikkje eigentleg betyr noko, heller. Båe musikken og semantikken i ei strofe som «med bevisstheten kan jeg kollapse sannsynlighetsbølgefunksjoner» er der framleis, om du veit kva den aktuelle funksjonen er for noko eller ikkje.

Det som kanskje er aller mest vellykka, er eit strukturgrep: han «begynner enkelt» med enkle strukturar som «la det være / logisk / noe annet ville vært ulogisk», som om han byrjar på partikkelnivå, og sidan blir kvart einskilde dikt til lengre og meir komplekse poetiske strukturar. Strukturen i diktsamlinga svarer altså til utviklinga av sjølvaste universet, med si æve av stjerner og planetar, stilt saman med det nære og personlege.

Metaforane generelt funkar svært godt, til dømes når det lyriske eg-et snakkar direkte til universet i eit tiltalande, kjærleg språk: «la oss si at jeg kom / for å lete etter lovene dine // la meg finne dem, formulere dem / og pynte dem med alfa og omega // la dem gjelde / på jorden som i himmelen / i himmelen som i hjernen». Her vekkjer han eit bilete av ein sympatisk og sanningssøkjande forskar sin røst mot objektet han elskar: universet sjølv. «du er et sirkelargument», sier forskaren i du-form, «ein ring som henger i ingenting / og venter på min finger». Ein viss aldersskilnad er det for så vidt: «du er 13,8 milliarder år gammel / men jeg er ny her // en slags unntakstilstand i parken / klokka 03: 47».

Til slutt går forskarrøysta mot ein slags bøn retta til universet — ein bøn om å spele. «spill for meg, du / på dine supre strenger // spill meg puss / med diffuse vibrasjoner i romtiden». Heile strukturen blir avslutta med linjene «spill meningen med alt / er en stemning // la meg være i den». Grepet avsluttar ei samling dikt som imponerer båe som helheit og i sine enkelte bestanddelar. Spel gjerne for oss igjen, Geir Halnes, for musikken din er lifleg!

Powered by Labrador CMS