Kraftfull skildring

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Lars Mytting / Lest av Thorbjørn Harr

# Hestekrefter

# Lydbokforlaget

Hestekrefter handlar om den lokale bensinstasjonen som blir henta inn av storsamfunnet. Stasjonseigaren, Erik Fyksen, får påbod om å starte med pølse og pita, og kvitterer med å nekte å rive Mobil-skiltet, trass i at stasjonen allereie i mange år har tilhøyrt Hydro Texaco.

I og for seg er ikkje denne forteljinga særleg original. Den ugifte bilmekanikaren som synes damene er kjipe og byfolka hovne, har vi vel kanskje høyrt om før. Å lytte til dette kan tidvis bli langdrygt, truleg fordi dei heilt store spenningsmomenta aldri dukkar opp. Thorbjørn Harr les med innleving og veltilpassa stemmebruk, men har likevel vanskeleg for å halde på merksemda til lyttaren i over sju timar.

Men boka er verd å lytte til for det. Person- og samfunnskildringane er elegante, og kjærleiken til motoriserte kjøretøy fungerer godt som illustrasjon på nostalgi og lengting. Til dømes når Fyksen konstaterer for seg sjølv at En eller annen gang, ett eller annet sted, sluttet noen å bry seg om en rød Fasel Vega HR 500 fra 1961.

Hestekrefter er kanskje ikkje den mest veleigna boka for høgtlesing. Til det er skildringane for mange, og klagesongane for lange. Likevel er raske replikkar og sterke kontrastar noko ein vil hugse lenge etter å høyrt denne lydboka.

Powered by Labrador CMS