
Krampaktig hipt
Magasinet Rocky er ein gammal og velkjent teikneserie med noko nytt attåt. Dette attåt er typisk glansa spalter som mote, musikk og livsstil, ispedd lite edruelege reportasjar frå utelivet i Oslo. Er du hip, og til og med litt hip-hop, er du truleg i målgruppa.
Men kor hipt er eigentleg Rocky? På side 3 får vi ein presentasjon av redaksjonsmedlemmane. Dei er krampaktig tilbakelente, og det same er reisten av bladet. Generelt minnar dette litt om ein dårlegare kopi av Natt & Dag, fullasta med Rocky-striper, eller ei maskulinisering av Det Nye, utan at kvaliteten blir heilt den same. Motespalta er tynn, og kva gjer Thatcher der? Ei reportasje om ei reportasje som aldri vart noko av blir også litt for lite av det gode.
Likevel, det er von i hangande snøre. For det er i alle fall tre ting å like ved magasindelen av Rocky. For det første ei god og fyldig stemningsrapport frå det norske hip-hopmiljøet. Denne er velskriven, opplysande og interessevekkande. Det andre er intervjua med mennene bak teiknestripa. Dei får nærgåande spørsmål av typen Men det er ikke et typisk trekk hos den selvgode at han er så selvbevisst som du er?, og dei svarar godt for seg. Det tredje er oppriktige forsøk på å skrive film-meldingar på nynorsk. Når i tillegg det trauste «Kvardag» av Olav H. Hauge blir løfta opp på sida av Kool G Rap sin «Fastlife» begynner vi å prate høgkultur.
Rockey-stripa er nok meint å vera ryggraden i dette verket. Mange kjenner sikkert til konseptet frå før. To dølle dyr heng rundt, og minnar oss kvinnelege lesarar på alt vi ikkje vil vite om menn. Gjestestripa etterpå er eit frigjerande motstykke.
Ved kjøp av Rocky får du med ein smakebit av det nye albumet til My Midnight Creeps, som er melodiøs og god rock. Litt vanskeleg å gi Rocky æra for den musikalske kvaliteten, men det kan i alle fall vera med å sikre at litt færre kjenner seg snytt over å ha bladd opp dei 49 kronene som bladet kostar.
Du blir neppe eit dårlegare menneske av å lesa Rocky, men truleg ikkje så mykje kulare heller. Magasinet har enno eit stykke å gå. Tidvis er det underhaldande, men også rotete, rart og smalt. Av, for og med unge, frusterte menn.